Utvida høyringsfrist – Rapport om framtidig skulestruktur i Sveio kommune


Sveio kommune ønsker innspel til tilrådingar i rapport om framtidig skulestruktur. 

Høyringsfristen er utvida til 1. februar 2021.

Telemarksforsking har på oppdrag frå Sveio kommune utarbeida «Rapport om framtidig skulestruktur i Sveio kommune – Bidrag til ein skulebruksplan». Rapporten konkluderer med tre rangerte hovudtilrådingar og tre ikkje-rangerte tilrådingar til framtidig skulestruktur.


Sveio kommune ønsker innspel til desse tilrådingane. Rapporten blir derfor send ut på høyring med utvida høyringsfrist 1. februar 2021. Høyringsinstansar er mellom anna rektorar, styrarar, FAU, SU, elevråd ved skulane, kommunalt foreldreutval (KFU), ungdomsrådet, lag, organisasjonar og Skyss.

Saman med «Rapport om framtidig skulestruktur i Sveio kommune» vil uttalar som kjem i høyringsprosessen danna grunnlag for framstilling av sak om framtidig skulestruktur som skal til politisk behandling i hovudutval for oppvekst og kultur (HOK), formannskap og kommunestyre i andre møteserie i 2021.

Rapporten blei presentert for kommunestyret 7. desember. Presentasjonen, opptak av presentasjonen og sjølve rapporten er lenka til under:

Høyringsuttalar kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no og merkast «Høyringsuttale – skulestruktur».