Arrangement på Sveiotorget

Sveio kommunehus og Sveiotorget - Klikk for stort bileteSveio kommunehus og Sveiotorget Vestavind v/Irene Flatnes Haldin  Torget nedanfor kommunehuset i Sveio sentrum kan lånast til arrangement.

Søknad om bruk av Sveiotorget

Kontakt eining for drift og anlegg på postmottak@sveio.kommune.no dersom du ønsker å låna plassen. Skriv gjerne "Sveiotorget" i emnefeltet. 

Bruk følgande oppsett i e-posten: 

Informasjon om arrangement: 

Her skriv du kva arrangement søknaden gjeld, samt kva organisasjonar / firma som er involverte. 

Organisering: 

  • Her skriv du korleis arrangementet skal gjennomførast og korleis oppgåvene er fordelte mellom deltakarane.
  • Lag ei kontaktliste med namn, telefonnummer og oppgåver/funksjon til konkrete personar (slik at kommunen kan kontakta ansvarlege ved behov, f.eks. ved ulukker).
  • Lag ein enkel HMS-plan (kven har HMS-ansvar, vil førstehjelpsutstyr vera tilgjengeleg).

Vedlegg: 

Legg ved enkel teikning av plassering av utstyr på torget. 

***

Eventuelle detaljar rundt tiltak (straum o.l.), blir avklarte i gjennomgang med drift og anlegg etter mottatt søknad.

Søknad til brannvesenet

Nokre arrangement er søknadspliktige til brannvesen, det må søkar sjølv ta seg av.

Les meir om arrangement på Haugaland brann og redning sine nettsider