Ida Kristin Vollum
Valenheimen
Heimen til komponisten Fartein Valen (1887–1952). Huset er bygd i enkel sveitsarstil av far til komponisten, Arne Valen, i 1903. Huset blir brukt i samband med kulturarrangement, og som feriebustad for komponisten sin familie. Her er det etter avtale råd å få omvisning og høyre litt om Valen sitt liv og musikken hans.
Huset med innbu er godt bevart, m.a. er pianoet fullt restaurert og blir brukt i konsertsamanheng. Huset er eit vanleg bustadhus og ikkje eit konsertlokale; likevel blir det gjennomført konsertar i Valenheimen i samband med Fartein Valen-festivalen, i tillegg til andre konsertar det er naturleg å legga til staden.
Prosjekt Fartein Valen
Sveio kommune ønsker med arbeidet kring Fartein Valen å ta vare på ein viktig del av vår lokale og nasjonale kulturarv. Då arbeidet starta som eit prosjekt i 1994, var det med ei målsetting om å gjera mennesket og komponisten Fartein Valen betre kjent blant eit breitt publikum. For å nå dette målet har ein sett i verk fleire ulike tiltak: konsertar, utstillingar, foredrag, omvisingar, emnehefte for grunnskulen, styrking av Fartein Valen-dagane, og eit Fartein Valen-stipend. Det blei i år 2000 òg tatt initiativ til etablering av ein Fartein Valen-pris til ein utøvar.
Sjå arrangement og konsertar på program/farteinvalen.no
Valenheimen har ein huskomité som står for drifta av huset, og der forholdet mellom det offentlege og private er regulert gjennom ein avtale. I tillegg blir Kolerakyrkjegarden i Leirvåg, Valen kapell og Valestrand kyrkje nytta som arenaer for arrangement. Det blir òg lagt vekt på eit godt samarbeid med Haugesund kommune.