Sveio har eit aktivt idrettsmiljø og er veleigna for mange ulike friluftsaktivitetar. Me har også flotte turområde og utfartsområde for båt.
Sveio I.L.
Fotball - Håndball - Fotball - Volleyball - Friidrett- - Allidrett & Seniorlag.
Sjå meir informasjon om Sveio IL på Friskus.com
Idrettshall
Idrettshallen ligg i Sveio sentrum i Vigdartun kultursenter. I idretthallen er det mange aktivitetar i løpet av veka, blant anna vollyball, allidrett, handball, karate og drill.
Karate
Karateklubben har trening Sveio sentrum (Kiwibygget). Sjå meir informasjon om Sveio karateklubb på Friskus.com
Skyting
Haugesund og Sveio skyttarlag har sitt treningsanlegg på Kalland i Haugesund.
Sjå meir informasjon om Haugesund og Sveio skyttarlag på Friskus.com
Orientering
Sveio turorienteringslag tilbyr turorientering, Stolpejakt, Foto-orientering, Nærtrim i skog og mark, konkurranseorientering, Vinter-t-o-ur, m.m
Sjå meir informasjon om Sveio Orienteringslag på Friskus.com
Symjing
Svømmekurs for born. Sjå tryggivann.no for påmelding på kurs. Kurs blir arrangert i bassenget på Sveio skule.
Sjå meir informasjon om Haugesund Svømmeklubb på Friskus.com
Golf
Haugaland Golfklubb, Sveio, er distriktet sin største og eldste golfklubb. Golfklubben har tilbod til alle uansett alder i Sveio golfpark, nært sentrum. Har du lyst til å prøve golf er det bare til å ta kontakt.
Sjå meir informasjon om Haugaland Golfklubb på Friskus.com
Hestesport
Tjernagel leir og fritidssenter arrangerer ridekurs og leirar.
Ta kontakt med Hanne Løvland på telefon: 916 36 601
Det er eit aktivt miljø med kursing og ridetilbod rundt Valestrand Hestesportlag, som har lagt ut ei øvingsbane.
Barnas turlag
Sveio kan by på mange flotte naturperler og barnas turlag har eit ønske om at alle skal få mulighet til å oppleve kor fint det kan vere å komme seg ut i naturen. De fleste av turane er lokalt i Sveio, men innimellom tek turlaget også turen til nabokommunar.
Sjå meir informasjon om Barnas Turlag på Friskus.com
Sveio turlag
Turlaget arrangerer fotturar lokalt i Sveio og i nabokommunar. Laget ryddar, merker og skilter utvalde turstiar i Sveio Kommune. Arrangerer også sosiale samankomster.
Sjå meir informasjon om Sveio Turlag på Friskus.com.
Friluftsliv
Av større turområder i kommunen kan nemnast; Trollavassnibba,”Emberlandsnipen, Dreng, Ryvardsmarka, Hopsfjellet og Padlane.
Gå til artikkel "På tur i Sveio" for informasjon om flotte fotturar i Sveio eller sjå i Turkart for Sveio (kan kjøpast i bokhandel på Sveio senter eller på Kommunehuset i Sveio).
Bade- og rasteområde (friområde)
Det er sikra fem statleg sikra friluftsområder i Sveio kommune; Holsvika, Selsåsvika, Slettene, Leirvåg og Ryvarden. Dei fire første blir forvalta av Friluftsrådet Vest på vegne av staten. Ryvarden har Sveio kommune forvaltningsansvar for. Mjelkeneset ved Vigdarvatnet, Strando i Førde, Selsåsvika, Holsvika, Slettene og ferskvatn rundt om i kommunen blir og mykje nytta i badesesongen.
Sjå www.frivest.no
Båtutsetjingsrampe til allmenn bruk:
Ved Sveio båtforening sitt anlegg i Buavåg er det rampe for utsetjing og opptrekking av båtar. Rampa er open for allmenn bruk etter avtale mellom båtforeninga og Sveio kommune.
Sport- og fritidsfiske:
Det er fiskekortordningar i Vigdarvassdraget og Liervassdraget. Fiskekort kan kjøpast nett her.
Dei fleste vatna i kommunen har fisk. Bekkar og elvar er rike på aure og ofte eigna til fiskeplass i nærmiljøet, men er og ofte lite tilgjengelege pga. kratt og andre hindringar. Det er stort sett grei tilgang til fiske i sjø frå land.