Forvaltning av kulturminne
I forvaltninga skil ein mellom arkeologiske kulturminne (frå før reformasjonen), som er automatisk freda, og nyare tids kulturminne, som ikkje har noko automatisk vern. Også nyare tids kulturminne kan fredast, men då etter vedtak frå Riksantikvaren. I Sveio er det berre Einstadbøvoll gard som er freda på denne måten. Elles er det kommunane som har hovudansvaret for forvaltninga av nyare tids kulturminne, først og fremst gjennom handheving av Plan- og bygningslova. Kulturminneplanen, som blei vedteken i 2015, ligg til grunn for forvaltninga av kulturminne i Sveio. Her er kulturminna i kommunen sett inn i ein historisk samanheng, og det er vurdert i kva grad dei har verneverdi. Dei lokalt mest verdifulle kulturminna er verna med omsynssone etter Plan- og bygningslova.
Kommunedelplan for kulturminne
Sveio kommunestyre har i møte 12.10.2015, sak 067/15, godkjent Kulturminneplan for Sveio 2015-2027.
Gå til kommunedelplan for kulturminne
I 2019 blei det vedtatt at kulturminneplanen skal rullerast. Arbeidet pågår og ny plan er venta ferdig i løpet av 2021. Ta gjerne kontakt dersom du har innspel til planarbeidet.
Viktige kulturminne i Sveio
Einstadbøvoll gard
Særprega gardsanlegg som har vore freda sidan 1923. Heile anlegget er bygt opp av stein frå eige hellebrot. Det omfattar mellom anna 18 bygningar, som alle har helletak, og ei rekkje oppmuringar og steingardar.
Einstadbøvoll gard
Foto Ida Kristin Vollum
Fartein Valen-heimen
Heimen til komponisten Fartein Valen (1887 – 1952). Huset er bygt i enkel sveitsarstil av far til komponisten, Arne Valen, i 1903. Huset blir mellom anna brukt i samband med kulturarrangement, og som feriebustad for komponisten sin familie.
Fartein Valen-heimen
Ryvarden fyr
Historia til Ryvarden strekkjer seg tilbake til år 869, då den første varden på Ryvardsneset blei bygt. Dette er truleg den eldste kjende varden på kysten vår. Den første fyrlykta blei bygd i 1849. Både bygningane og varden som står på staden i dag er av nyare dato, men historia gjer likevel Ryvarden til eit sentralt kulturminne i Sveio. I dag er fyret eit stort utfartsmål med galleri, kafe og overnattingstilbod. Sjå meir informasjon på ryvarden.no
Ryvarden kulturfyr
Ida Kristin Vollum. Ryvarden.
Kolerakyrkjegardane i Leirvåg og Mølstrevåg
Av dei to kolerakyrkjegardane i Sveio er den i Leirvåg best bevart. Kyrkjegarden er kjend som «Kirkegården ved havet» etter ein komposisjon av Fartein Valen. Muren blei restaurert i 2014.
Bøkene kan kjøpast i Sveio offentlege servicekontor, eller bestillast frå postmottak@sveio.kommune.no. Ved sending kjem porto i tillegg. Oppgi fødselsnummer for fakturering.
Kulturminne i Sveio, kr 290,-
Kulturminneplanen blei gitt ut i bokform i ein utvida versjon i 2016. Boka er på 174 sider og inneheld mykje bilete av kulturminne frå heile kommunen.
Sveio gards- og ættesoge Band III – Lid skulekrins og gamle Vestre Vikebygd, kr.250,-
Band I og II er utselde, men er tilgjengelege på www.bokhylla.no:
http://www.nb.no/nbsok/nb/3f9b5755e85c9cdc388428b94d884931?index=1#0
http://www.nb.no/nbsok/nb/b6a7350e0a84b5ad000ea2cb6ecfc36b?index=3#0
Kolbein Espeset: Eitt liv – mange soger: Arne Valen sitt pionérarbeid i misjonen, kr 199,-
Utgitt i 2003
Torleiv Høgestøl: Sveio i krig 1940 – 45, kr 75,-
Utgitt i 1995
Heidi Eikremsvik Lindaas: Fyrfolk. kr 368,-
Boka er ei reise i tekst og bilete til 14 fyr på Vestlandet, mellom dei Ryvarden.
Utgitt i 2006
Tove Virata Bråthen: Ryvarden - med smak av salt, kr 249,
Utgitt i 2008
Sylvelin Vatle: Ramna-Flòke, kr 249,-
Barne- og ungdomsbok som fortel historia om Ramna-Flòke frå Smørsund i Sveio; han som gav namn til Island.
99 sider, utgitt i 2010
Lars Eikehaugen: Skulesoge for Sveio 1964 – 1974: Innføring av ungdomsskulen, kr 100,-
54 sider, utgitt i 2008
Sveio kyrkje 1858 – 2008: Bygda sitt hjarta i 150 år, kr 200,-
127 sider – utgitt i 2008
Hefte – kultur og natur i Sveio
Fugleliv i Sveio, kr 25,-
Valen kapell (1999), kr 25,-
Valenheimen (2001), kr 25,-