Gjennom kommunen kan ein søkje fylkeskommunale midlar til verneverdige kulturminne, og SMIL-midlar til kulturminne knytt til landbruk. I tillegg finst det ei rekkje offentlege og private støtteordningar for kulturvern og kulturminne. Nedanfor finn du ei oversikt over nokre slike ordningar.
Kommunen kan gje råd i samband med søknadsskriving. Hugs at du òg kan ta kontakt med bygningsvernkonsulenten ved Sunnhordland museum for rådgjeving og hjelp.
Tilskot til verna kulturminne
Vestland fylkeskommune gjev støtte til kulturminne som er prioriterte i kommunale kulturminneplanar. Søknadane skal gå gjennom kommunen. Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner. Utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå tilsvarande prosjekt.
Gjennom denne ordninga blir det ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.
Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 1. januar. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.
Skjema: Søknad om tilskot til verna kulturminne 2024 (PDF, 228 kB)
Vilkår for tildeling av tilskot til verna kulturminne 2024 (PDF, 171 kB)
SMIL-tilskot
SMIL-ordninga skal mellom anna bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Sveio kommune deler kvart år ut SMIL-midlar mellom anna til kulturminne. Det er berre føretak som har rett på produksjonstilskot som kan søkja. Ta kontakt med Plan- og næringsavdelinga i kommunen. Meir opplysningar og søknadsskjema på Landbruksdirektoratet sin nettstad
Norsk kulturminnefond
Kulturminnefondet er ei statleg tilskotsordning retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne. Frivillige lag kan òg søkja. Ordninga har løpande søknadsfrist.
Kulturminnefondet har også ei tilskotsordning for strakstiltak for sikring av bygg. Les meir på nettsidene til Kulturminnefondet.
Andre:
kulturarv.no
stiftelsen-uni.no
Kulturminnefondet
Vestland fylkeskommune