Spelemidlar

Generell informasjon:

  • Søknad må fremjast seinast i løpet av søknadsåret etter at anlegget er ferdig.
  • Før det kan søkjast om tilskot til anlegg, må kommunen registrere anlegget i idrettsanleggsregisteret. (kontakt kommunen).
  • Frist for å levere søknad til kommunen, blir fastsett av kommunen og annonsert i aviser og på nettsida til kommunen.
  • Anlegg må i regelen vera universelt utforma.
  • Anlegg det blir søkt om tilskot til må vera ein del av den kommunale plan for idrett, anlegg og fysisk aktivitet, som vert rullert kvart år.

Ordinære anlegg

Med ordinære anlegg meiner ein anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet samt eigenorganisert fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle) og som ikkje er underlagt fortenestebasert verksemd.
Det kan ikkje søkjast tilskot til drift. Det vert heller ikkje ytt tilskot til laust utstyr. Andre døme på utlegg som det ikkje blir gitt tilskot til er: leige, erverv av grunn, vegar og parkeringsplasser, tilknytingsavgifter, finansieringskostnader med unntak av renter på byggelån i byggeperioden., flytting av høgspentledningar (kablar) eigedomsgjerde og reguleringsarbeid.

Søkjarar om tilskott må ha organisasjonsnummer og anleggseigar plikter å halde anlegget ope for idrettsleg aktivitet i 30 år.

Som hovudregel kan ein søkje om tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging og/eller rehabilitering av ordinære anlegg.
For fleire anleggstyper er det fastsett særskilte maksimale tilskotsbeløp.

Der ikkje anna er bestemt utgjer kr. 150.000 nedre grense for godkjent kostnad ved utrekning av tilskot. For kart er nedre grense for godkjent kostnad kr. 75.000.

Nærmiljøanlegg

Der ikkje anna er bestemt gjeld dei generelle vilkåra for tildeling av spelemidlar til ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Med nærmiljøanlegg meiner ein utandørs anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet, nært tilknytt by- og/eller aktivitetsområde. Nærmiljøanlegget skal vera fritt, allment tilgjengeleg for eigenorganisert aktivitet, først og fremst for born og ungdom (6-19 år). Nærmiljøet kan unntaksvis nyttast til organisert idrettsleg aktivitet, mein eigenorganisert fysisk aktivitet skal vera prioritert.
Nærmiljøanlegg skal vera utandørs anlegg haldast ope for aktivitet i 20 år frå det er ferdig eller rehabilitert.

Det kan søkjast om tilskot på 50% av godkjent kostnad. Maksimalt tilskot per anleggsenhet er kr. 300.000. Nedre grense for godkjent kostnad er kr. 50.000 (tilskott kr. 25.000)
Grunnlag for tilskot er avgrensa opp til kr. 600.000.

For søknad og regnskap for spelemidlar til ordinære idrettsanlegg og nærmiljøanlegg skal det nyttast digitale skjema – www.anleggsregisteret.no

Spelemiddelfond

Sveio kommune etablerte i 2004 ordning for forskotering av spelemidlar til bygging av nærmiljøanlegg og ordinære idrettsanlegg. Mange utbyggarar slit med finansiering av anlegg dei ønskjer å realisera. Forskoteringsordninga er eit viktig bidrag for utbyggarar som normalt vil ha store utfordringar  med å forskotere spelemidlane for eiga rekning. Det er avsett 2 millionar på forskoteringsfondet, til bygging av idrettsanlegg som heilt eller delvis blir finansiert gjennom private tilskot, dugnad, rabattar mm. Det er berre anlegg som har fått godkjent søknad av Vestland fylkeskommune det blir forskotert midlar til.

Kontakt

Marit Liknes
Rådgjevar kultur
92095654