Me skal gi læring gjennom tilbod som stimulerar og gir livsglede. Den einskilde er viktig og skal møtast med likeverd og respekt. Eleven sin vekst og utvikling skal stå sentralt.
Alle elevar skal få erfaring i å føle meistring og framgong, der det er plass til alle i eit inkluderande miljø. Sveio kulturskule skal sette eleven i sentrum gjennom å la den oppdage og meistre.
Me i kulturskulen vil gjere alt me kan for at barnet ditt trivst hos oss og samstundes får læring for livet. Å få undervisning i kulturfag er det me kallar generelt læringsfremjande. Dei krav ein stiller til arbeid og disiplin vil barnet ha nytte av også i andre samanheng.
Gå til betalingssatsar Sveio kulturskule (PDF, 191 kB)