Skjenkeløyve

Skjenking av alkoholhaldig drikk betyr sal for drikking på staden. Skjenking kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkoholloven, jf. § 1-4a. 

Vidare er det etter forbode å drikka eller skjenka alkohol på visse stader, sjølv om det skjer utan vederlag, med mindre det er gitt løyve til det. Me siterer frå alkoholloven § 8-9:

Det er forbudt​ å drikke eller servere alkohol med mindre det foreligger bevilling til dette, og selv om dette skjer uten vederlag:

  • i lokaler med tilleggelser hvor det drives serveringsvirksomhet,
  • i lokaler som vanligvis er alment tilgjengelig for offentligheten,
  • i forsamlingslokaler eller andre felleslokaler,
  • på annet sted der offentlige møter, fester, utstillinger eller andre tilstelninger finner sted,
  • på gate, torg, vei, i park eller på annen offentlig plass,
  • på skip, fly, tog, buss eller annet innenriks transportmiddel for almenheten

På steder som nevnt i første ledd, må heller ikke eier eller annen ansvarlig oppbevare, servere eller tillate servering eller drikking av alkohol.

Forbudet mot drikking og servering av alkohol i lokaler som nevnt i første ledd nr. 1, 2 og 3 gjelder ikke når eier, leier, driver eller ansatt disponerer lokalene til eget bruk til sluttet selskap. Forbudet mot drikking og servering av alkohol i lokaler som nevnt i første ledd nr. 3 gjelder ikke når beboer i borettslag eller annet boligsamvirke disponerer lokalene til eget bruk til sluttet selskap.

Forbudet mot drikking og servering av alkohol i lokaler som nevnt i nr. 2 og 3 gjelder heller ikke når lokalet leies eller lånes ut til privatperson for en enkelt bestemt anledning til sluttet selskap, og utleier for øvrig ikke står for andre deler av arrangementet

Skjenking mot vederlag krev alltid løyve

Søknad om ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve for einskildhøve finn du i Søknadssenteret.

Nyttig informasjon om temaet alkohol finn du på Helsedirektoratet sine nettsider.

Alkoholloven og alkoholforskrifta finn du på lovdata.no

Alminneleg, fast skjenkeløyve

Dette gjeld for føretak som ønsker fast skjenkeløyve i kommunen. Det blir ikkje gitt skjenkeløyve utan at det ligg føre eit serveringsløyve. Ein kan søka om serveringsløyve og skjenkeløyve på same skjema.

Kommunalt skjenkeløyve kan bli gitt for ein periode på inntil fire – 4 – år, med opphøyr seinast 30. september etter at nytt kommunestyre konstituerer seg.

For kvart løyve skal det godkjennast ein styrar og ein avløysar. Desse må vera over 20 år og ha dokumentert kunnskap om alkoholloven og føresegner gitt i medhald av denne. Kunnskapsprøva kan ein ta på kommunehuset, berre ta kontakt med Servicekontoret for å avtala tid eller for å få meir informasjon. 

Før det blir fatta vedtak om skjenkeløyve innhentar kommunen uttale frå politiet og sosialtenesta. Kommunen har også høve til å innhenta uttale frå andre instansar, f.eks. skatte- og avgiftsmyndigheitene.

Viktig dokumentasjon som må følga søknaden:

  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Skatteattest
  • Dokumentasjon på styrar/avløysar si tilknyting til verksemda
  • Dokumentasjon på leigeforhold av lokalet, dersom dette er aktuelt
  • Konseptskildring og opningstider
  • Planteikningar av serveringsstaden med merka skjenkeområde
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve etter alkoholloven for skjenkestaden sin styrar og avløysar, dersom prøven ikkje er tatt i Sveio kommune
  • Internkontroll, jf. alkoholforskrifta kapittel 8. (Guide til internkontroll her.)
     

Gebyr, behandlingstid og søknadsfrist

Gebyr til kommunen blir fastsett etter faktisk omsetnad. Minimumsgebyret følger av alkoholforskrifta § 6-2.

Søknad om alminnelege, faste skjenkeløyve blir avgjort av kommunestyret. Før behandling i kommunestyret skal søknaden via dei underordna folkevalde organa i kommunen, nærmare bestemt hovudutval for helse og omsorg (HHO) og formannskapet. I løpet av året er det seks slike møteseriar, kor HHO først har møte, deretter formannskapet og så kommunestyret. Før behandling i HHO må administrasjonen førebu saka, og sakene blir sende til HHO ti dagar før deira møte, slik at politikarane skal ha tid til å setta seg inn i dei.

For at administrasjonen skal kunna få førebudd søknadar til behandling i nærmaste møteserie etter at søknad har blitt send inn, må søknaden vera kommunen i hende seinast tre veker før kommande møte i HHO. Kjem søknad inn på eit seinare tidspunkt enn dette, vil søknaden først bli behandla i neste møteserie. Oversikt over møta til HHO finst i møteplanen.

For 2024 skal det gjennomførast fem møteseriar

  • 18. mars (frist for innmelding 4. mars)
  • 21. mai (frist for innmelding 6. mai)
  • 2. september (frist for innmelding 19. august)
  • 14. oktober (frist for innmelding 30. september)
  • 18. november (frist for innmelding 4. november)

Skjenkeløyve for einskildhøve (opne arrangement)

Dette gjeld for personar eller lag som ønskjer skjenkeløyve for eit enkelt høve. Dersom det dreier seg om eit ope arrangement, er det dette løyvet du må ha. I Sveio kommune er det delegert til rådmannen å fatta vedtak om skjenkeløyve som gjeld eit enkelt høve.

For kvart løyve skal det godkjennast ein styrar og ein avløysar, som må vera over 20 år. Det er vedtatt i KOM-055/20 at både styrar og avløysar for eit einskildhøve også må dokumentere kunnskap om alkoholloven og føresegner gitt i medhald av denne, eller eventuelt vera godkjente restaurantørar.

Før det blir fatta vedtak om skjenkeløyve for einskildhøve, innhentar kommunen uttale frå politiet og sosialtenesta. Kommunen har òg høve til å innhenta uttale frå andre instansar, f.eks. skatte- og avgiftsmyndigheitene.

Gebyr og behandlingstid

Gebyret til kommunen er 200, 500 eller 1000 kroner pr. arrangement, avhengig av storleiken på arrangementet.

Behandlingstid av søknaden er berekna til tre – 3 – veker, men søk gjerne tidlegare. Elektronisk søknadsskjema finn du her. Hugs at det må leggast ved kart over skjenkeområdet og dokumentasjon på internkontroll, jf. alkoholforskrifta kapittel 8. (Guide til internkontroll her.)

Hugs òg at alle arrangement må meldast inn til politiet. Lenke til dette finn du her.

Etter eit einskildhøve må det leverast ei evaluering og omsetningsrapport (desse finn du til høgre på sida her). Blir ikkje dette levert kan ein konsekvens bli avslag på framtidige søknadar.

Ambulerande skjenkeløvye (lukka arrangement)

Sveio kommunstyre har oppretta tre ambulerande løyve for skjenking av alkoholhaldig drikk, jf. alkoholloven § 4-5. Ambulerande skjenkeløyve er ikkje knytt til nokon bestemt person eller noko bestemt lokale, men kan brukast i enkelthøve til arrangement i form av lukka lag ("sluttet selskap"). Det er delegert til rådmannen å fatta vedtak om ambulerande skjenkeløyve til enkelthøve. 

Formålet med ambulerande skjenkeløyve er å forenkle saksbehandlinga i saker der private eller mindre lag og organisasjonar har arrangement der det å drikka eller skjenka alkoholhaldig drikk er forbode utan løyve enten fordi det skjer mot vederlag, eller i enkelte typar lokaler, stader eller samanhengar.

Helsedirektoratet si kommentarutgåve til alkoholloven gjer greie for kva som kan reknast som lukka lag. Eksempel som er nemnde er bryllaup, jubileum og konfirmasjon. Helsedirektoratet skriv bl.a. følgande:

Kretsen av personer må ikke være åpen for utenforstående. Deltakerne må ha en eller annen tilknytning til den eller de som inviterer til selskapet. Det er ikke tilstrekkelig at man før skjenkingen begynner skriver seg på en liste eller kjøper billetter. Det har ingen betydning hvorvidt antallet gjester er begrenset, eller at arrangementet i innbydelsen eller i en annonse er betegnet som «sluttet selskap». Dersom et arrangement for eksempel finner sted i et selskapslokale, må initiativet (invitasjon) komme fra arrangør av arrangementet, ikke fra selskapslokalet.

Både vilkåret om at det må være en enkelt anledning og at det gjelder et sluttet selskap, må være oppfylt.

Arrangementer som ikke oppfyller lovens krav til sluttet selskap, er for eksempel:

  • Vanlige medlemsmøter i en forening
  • Sammenkomster for idrettslag, klubber, organisasjoner o.l
  • Studentfester, russearrangementer
  • Kundekvelder, mat- og vin-kurs, kunstutstillinger, VIP-arrangementer
  • Arrangementer som har begrenset tilgang, men hvor det ikke foreligger nødvendig tilknytning til den/de som inviterer

Det understrekes at listen ikke er uttømmende.

I tvilstilfelle må kommunen etter eit konkret skjønn avgjera om eit selskap kan reknast som lukka lag i alkoholloven sin forstand.

Etter eit arrangement kor det er brukt eit ambulerande skjenkeløyve må det leverast inn ei evaluering. Blir ikkje dette levert kan ein konsekvens bli avslag på framtidige søknadar.

Gebyr og behandlingstid

Gebyr til kommunen følger av alkoholforskrifta § 6-2. Søknadar om ambulerande skjenkeløyve må vere komne inn seinast to – 2 – veker før arrangementet skal haldast.

Alkoholpolitiske retningslinjer og vilkår for skjenkeløyve

Behandlinga av skjenkeløyve i kommunen er underlagde to prinsipielle dokument, som blir vedtatt av kommunestyret for kvar enkelt kommunestyreperiode (kvart fjerde år):

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30
 

Kart