Påkøyrsle av storvilt
Det å køyra på storvilt er ei hending som kan vera skremmande. Ofte kjem dyret kjem frå" ingenstad» med følgje for skade på både dyr og bil. Det er krav til medtrafikkantar å hjelpe.
Så langt i 2022 er det registrert 26 viltpåkøyrsler i kommunen vår. Dette utgjer i snitt 2,6 registrerte påkøyrsler kvar månad. Utover dette er det truleg også mørketal som ikkje blir registrert. Heldigvis har ikkje personar kome til skade ved slike uhell i kommunen vår.
Ved påkøyrsle er det viktig å merka staden der uhellet har vore ute, t.d. plastpose eller anna som syner godt ved vegkanten. I tillegg må ein gje informasjon kor dyret er påkøyrt, dvs namn på staden. Me minner også om at det er plikt å melde frå om påkøyrt dyr.
Korleis følgje opp ved viltpåkøyring?
Meld fra til politiet på 02800 viss du køyrer på eit dyr eller kjem i ein situasjon der dyr er komne til skade.
Du skal straks stanse og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til.
Følg denne sjekklista:
- Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gi førstehjelp.
- Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
- Ring Politiet på 02800 og meld fra om påkøyringa.
Har du kasko på bilen og du har fått skade på den i samanstøtet med storvilt, får du dekka reperasjonen utan eigendel. Vilkår: at du har varsla politi om påkøyrsla. Viltforvaltninga vil gje stadfesting, at påkøyrsla har funne stad.
Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.
Merk påkøyringsstad - dette for å kunne spore skadde dyr. Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøkshunden sitt arbeid.
Plikter ved trafikkuhell: Vegtrafikklova § 12
Hjelpeplikt: Dyrevelferdslova § 4
Ettersøk etter skada vilt i kommunen: Tlf 41 76 31 37
Ansvarlege styresmakter ved påkøyring av vilt på veg
Kommunen sitt ettersøksarbeid
Alle som utfører fallviltarbeid skal ha nødvendig kompetanse og forsikringar knytte til arbeidet. Kommunen har ansvar for å teikne nødvendig forsikring dersom ettersøkspersonell er tilsette i kommunen.
Arbeidsvarslingsskurs og arbeidsvarslingsplanar er pålagt frå Statens vegvesen. Kommunen kan overlate den praktiske utførelsen av ettersøksarbeidet til andre.
Kommunen skal bruke hundekvipasjar som er registrerte i ettersøkshundregisteret godkjent for offentleg ettersøk.
Kommunen har varslingsplikt til Mattilsynet, slik at påkøyrt hjortevilt som er 12 månader eller eldre kan testast for skrantesjuke. Varslingsplikta er oppfylt dersom kommunen sjølv tar skrantesjukeprøvar.
Uttak av prøvar for a teste dyr for skrantesjuke er ikkje ein jobb vegentreprenørane eller BaneNOR normalt tek på seg.
Informasjon om storviltjakta 2024
Jakta nærmer seg, og me vil leggje ut inforasjon om jakttider og løyvetildeling for hjort- og rådyr.
Sveio kommune sendte ut løyve breva til valdansvarlege den 13. juni 2024. (Kommunane har frist til å sende ut løyvebreva innan 15. juni.
Kommunen sin vurdering og framlegg for tildeling av løyve blir gjort ut frå innspel frå valda, vårteljing av hjort frå bil og ikkje minst jaktrettshavarane (grunneigar) sine innspel i høve beiteskade på jordbruksareal. Vidare vurderer også kommunen tettleik av storvilt i dei ulike deler av kommunen.
Kommunen har fått innspel frå Indre Ålfjorden Hjorteviltlag, at dei vil freda koller pga lite dyr i deira område.
I område i/og rundt Emberlandsnipen og Valestrand har me ein tettleik av særskilt hjort, i dei områda legg me opp til større uttak av hjort, der me også gjev fleire løyve på produksjonsdyr (hodyr) i vald som har målretta avskyting.
Me har to storvald i kommunen, dei styrer uttak sjølve i høve utarbeida driftsplan, som er godkjent av kommunen. Dette gjeld valda; Indre Ålfjorden hjorteviltlag og Førdespollen hjortevald.
Ved årets jakt er det delt ut samla 323 løyve for hjort, dette er ein reduksjon på 25 løyve i høve jaktåret 2023. Noko av grunnen for reduksjon av løyve for år 2024, er fellingsresulat frå jaktåret 2023.
Fordeling av løyve til målavretta avskyting viser slik fordeling;
Kalv | Spissbukk | Vaksen bukk | Kolle | Totalt |
44 | 68 | 28 | 45 | 189 dyr |
I tillegg har storvalda; Førdespollen hjortevald: 68 dyr og Indre Ålfjorden 70 dyr.
Samla løyve i kommunen blir såleis: 323 dyr.
Jaktbart areal i kommunen er omlag 210.000 daa, dette utgjer omlag 94% av alt landareal i kommunen (224.000 daa). Forvaltninga er godt nøgd at så mykje av arealet til kommunen blir nytta til storviltjakt.
I Sveio er minstearealet 750 daa pr. løyve. Kommunen har nytta aktivt 50% regelen i fleire år i område med mykje dyr. Dvs ein kan fråvika minstearealet med inntil 50% (375 daa/1500da).
Snitt areal pr løyve ligg på omlag 650 daa i kommunen vår.
Det er ikkje opna for fri jakt på kalv dette året heller. Forvaltninga har vurdert at valdstrukturen me har i kommunen, at uttak av kalv er lite ønskjeleg. I staden har forvaltninga auka uttak av hodyr i områder med større bestand, og aktivit nytta 50% regelen.
Ein vil halda fram dette året å ta ut skrapdyr. Dvs er kalv under 15 kg, og ungdyr under 35 kg vil desse bli rekna som skrapdyr. Desse dyra vil ikkje gå utover tildelte dyr i valdet. Sameeins gjeld sjuke og skada dyr, som blir felt. Slike dyr meldast inn til kommunen, der dyra skal kontrollvegast, og vurderast: Dette skal gjerast inn 24 timer etter at dyret er felt. på tlf 53748056/53748055, eller pr. epost; dagfinn.bjorge@sveio.kommune.no
For rådyr er det gjeve 225 løyve, og i tillegg kjem kvotefri jakt i storvalda Førdespollen og Indre Ålfjorden, dei styrer uttak sjølve. Me ønskjer rådyrstamma til å vera så låg som mogleg.
Me gjer alle merksam på at ein skal vita kor yttergrensene er i valda.
Jakttider
Hjort: 01.09 - 23.12. 24
Bukkejakt, rådyr: 10.08 - 23.12.24
Rådyr elles: 25.09 - 23.12.24
Digitale valdkart
Gå til digitale valdkart som viser dei ymse valda i kommunen. Klikk to gongar på "Avbryt" for å gå til kart.
Ved å trykke på linken, kan de få oversikt over dei ulike valda i kommunen. Inne i same kart kan ein leggje inn fallvilt, sett hjort mm. Viltforvaltninga håpar dette kartet blir brukt. Kartmaterialet vil me prøve å halde ajour til ei kvar tid. Det vil då vere viktig at jaktrettshavarar, jegerar blir med på å halde dette ajour ved å melde inn endringar i areal eller vald.
Endring av vald:
Ved endring i valdet, t.d. det blir lagt til nye eigedomar eller at eigedomar trekker seg ut av eit vald, er fristen utsett til 1.mai, på grunn av koronasituasjonen.
Godkjenning av nytt vald er utsett til 20.mai.
Gå til informasjon om storviltjakt på miljødiretoratet sine nettsider.
Gå til forskrift for forvaltning av hjortevilt på Lovdata sine nettsider.
Hjorteviltregisteret
På nettsida til hjorteviltregisteret kan de sjå kva fellingsresultat er i vår kommune og landet forøvrig.
Gå til hjorteviltregisteret
Fellingsløyve hjort- og rådyr jaktsesongen 2023
Sveio kommune har no ferdighandsama fellingsløyve for hjort- og rådyr.
Det er samla gjev fellingsløyve på 348 løyve for jaktsesongen. Tal løyve er redusert med 54 dyr i høve jaktåret 2022. Noko av grunnen var at det blei opna for ekstraordinære løyve for år 2022.
Fellingsresultatet for det året vart litt i overkant av 50%. Fellingsresultatet seier noko, at det blei gjeve for mykje løyve i år 2022. Forvaltningsmessigg bør målet vere eit fellingsresultat på 70% eller meir. Men me veit bestanden har vore aukande dei seinare åra, og me har såleis i fleire vald kor det er heller mykje hjort nytta aktivt 50% regelen, dvs me kan gå ned til 375 daa pr. løyve (minsteareal er 750 daa).
Både for året 2022 og dette året har me auka løyve på produksjonsdyr, dvs meir uttak av koller i områder med mykje hjortevilt.
Fordelt løyve for vald med målavretta avskyting, år 2022;
- 53 kalv
- 64 spissbukk
- 36 vakse hanndyr
- 57 koller (unge og eldre)
Storvalda; 2 vald; 138 dyr (har godkjent driftsplan).
Det er eit jaktbart areal i kommunen på omlag 210.700 daa. Det er såleis mykje av arealet i kommunen som blir nytta til jakt, og det er bra. Av dette arealet er det omlag 136.800 daa som mindre vald disponerer, desse valda får målavretta avskyting. Dette utgjer omlag 60,5% av alt jaktbart areal.
Dei sto storvalda har eit areal på omlag 73.900 daa som då utgjer omlag 39,5% av jaktbart areal. Snitt for kvart løyve for vald med målavretta avskyting er 648 daa. For storvalda er talet 532 daa. I praksis vil det sei ein gjev fleire løyve, i område med mykje dyr.
Sveio kommune opna ikkje opp for fri kalveskyting dette året, heller.
Jaktstart er for hjort er frå den 01.09. til og med 23.12.
Jakt for rådyr er for bukk frå den 10. august til og med 23.12. For rådyr elles er jakta frå den 25.09 til og med 23.12.
Rådyrløyve er utrekna etter areal del på minsteareal. I nokre områder har ein også her nytta 50% regelen. Dei to storvalda har kvotefri avskyting av rådyr, desse valda set eigne føringar for uttak av rådyr.
For ettersøkshund vil det bli sendt ut krav om innbetaling frå DIH til dei einskilde valda. Grunnlaget for denne avgifta er fellingsresultat frå år 2022.
Valda med sine valdansvarlege er plikta til å sjå etter at jegerar har naudsynt dokumentasjon for jaktutøving (jegerkort og skyteprøve i orden). Det er også viktig at valdansvarleg gjev god informasjon til jeger om yttergrense for valdet, samstundes at dei også har ein god dialog med dei ulike jaktretthavarar.
Skrapdyruttak blir det høve til ved dette året også; dvs kalv som er under 15 kg og ungdyr under 35 kg blir rekna som skrapdyr. Det skal gjevast melding til viltforvaltninga om slike dyr. Det skal takast bilete for dokumentasjon i høve vekt mm. Det er viltforvaltninga som gjev vedtak om desse dyra blir rekna som skrapdyr. Dyret beheld valdet og valdet får nytt løyve, men nytt av dette året, er at det skal rapporterast inn som felt dyr og det skal betalast ordinær fellingsavgift for desse dyra. Er det dyr som har sjukdom, eller annan skade skal det ikkje betalast inn avgift for.
Me nemner også at valdansvarleg er plikta til å sende inn rapport om jakta snarast når jakta er ferdig og seinast innan den 03.01.2024.
Kommunen sender ut faktura i etterkant av jakta i høve felte dyr. Då er det å ønskja dåke alle eit god jakt eller med andre ord; SKITT JAKT!! Med helsing Dagfinn F. Bjørg
Jegerprøven
Sveio jeger-, fiske- og naturvernforening har ansvaret for jegerprøven i Sveio. Det er kommunen som for tida har ansvar for jegereksamen. Viltnemnda har gjort vedtak om å gje stønad til unge jegerar som har teke prøven og greidd eksamen. Dei som kjem under ordninga, er kandidatar som blir 23 år i kalenderåret og at dei har fast bustadadresse i kommunen. For meir informasjon om ordninga ta kontakt med viltforvaltninga.
Jakttider
Jakttider for småvilt og storvilt finn de på nettsidene til miljødirektoratet
Minsteareal for storviltjakt
Minsteareal i Sveio kommune er 750 daa for storviltjakt
Div informasjon om freda vilt og andre observasjonar av vilt
Viltforvaltninga får til tider inn melding om observasjonar om m.a. gaupe i kommunen. Me vil framleis oppmode at de melder inn slike og eventuell andre observasjonar om t.d. skada vilt eller daudt vilt. Alt freda vilt som er skada eller daudt skal meldast til kommunen.
Skotpremie - ny ordning for utbetaling
I Sveio kommune blir det gje-ve rovdyrpremie (Skotpremie) på rev og mink. For rev utgjer skotpremien kr. 350 for vaksne dyr. For vaksen mink er det kr. 100.
I tillegg har Sveio sau og geit gjeve inntil kr. 200 i tilskot til rev, det er deira årsmøte som eventuelt sett av midlar.
Me minnar også på at det er fredningstid for alt vilt.
For å få utbetalt rovdyrpremie, må ein levere rev/mink til Leitevegen 16 (brannstasjonen i Sveio) på følgjande datoar:
Første måndag i februar: 13.30-15.30
Første måndag i april: 13.30-15.30
Første måndag i september: 13.30-15.30
Første måndag i desember: 13.30-15.30
Dagfinn Bjørge vil vera på brannstajonen desse dagar og ta i mot viltet.
Kvotefri jakt på hjortekalv 2023 - dispensasjon fra hjorteviltforskriftens § 18 (PDF, 563 kB)