Auka synlegheit, fleire medlemmer og enkel administrering av arrangement - Ta i bruk Friskus.com!
På Friskus.com kan du synleggjera organisasjonen din saman med resten av kommunen.
Organiser aktivitetar, rekrutter nye medlemmer og kommuniser med eksisterande medlemmer eller samarbeidspartnarar – alt på ein plass! Her kan du enkelt halde oversikt over alle delar av din organisasjon.
Slik gjer du:
- Gå inn på https://sveio.friskus.com/
- Trykk på "LOGG INN" øvst til høgre på sida for å lage deg ein personleg brukarkonto.
- Legg inn mobilnummeret ditt og trygg "KOM I GANG". Lag eit passord og du er klar!
Du får:
- Enkel oppretting av aktivitetar og frivillige oppdrag.
- Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktivitetar.
- Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag.
- Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
- Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan setjast som gjentakande ut året.
- Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige.
- Auka synlegheit. Gjer innbyggarane trygg på kven de er som lag, organisasjon eller foreining.
- Elektronisk medlemsregister. Du kan digitalt registrera og fornye teieplikt, politiattest etc.
- Statistikk over aktivitetar og påmeldte.
- Automatisk varsel til medlemar om deira aktivitetar.
- SMS-teneste. Blir levert som tilleggsløysing.
Spel på lag med andre organisasjonar i kommunen, og synleggjer tilbodet dykkar. No slepp ein leita på fleire ulike plattformar – innbyggarar finn dykk enkelt i ein felles kalender!
Publisert av Vibeke Berge Vierdal
Publisert 07.02.2023 12.15