Bandtvang for hund i Sveio kommune

shutterstock.com Landbruksforvaltninga får diverre inn melding innimellom at hund har jaga bufe på beite. Dette har resultert i tap av sau og lam på beite hjå gardbrukar dette året. Det er trist og uansvarleg at slikt hender. I tillegg blir sauen og lamma svært stressa av laushundar, dette fører til dårlegare velferd for dyra.

Me minne at det er bandtvang i Sveio kommune. Dvs. hund skal haldast i band i beitesesongen.  

Sveio kommune har forskrift om hald og bandtvang for hund. FOR-2006-02-06-1270, heimel LOV-2003-07-04-74

Me nemner særskilt §3. Føresegner om sikring av hund, punkt; a, der hundeeigar skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida 1. april til 15. oktober Dette for at hund ikkje kan jaga bufe, fjørfe, hest eller vilt, herunder viltet sitt egg, reir eller bu.

Vidare til punkt e; Hund skal haldast i band på inngjerda områder kor det beitar bufe.

Forskrifta er heilt klar jmf. dei punkta som er nemnde.

Hundeeigar har eit stort ansvar for hundehaldet sitt. Ein forventar at ein forhald seg til lov og reglar rundt hundehaldet.  Ein bufeeigar skal ikkje oppleva at dyra blir råka av at hund/ar jagar bufe.

Me minner også om § 7; brot på denne forskrifta kan straffast.

Då vonar me at alle hundeeigarar følgjer forskrifta om hundehald i kommunen. Me gjer samstundes merksam på at hundeeigarar har plikt til å setja seg inn i FORSKRIFTA om hundehald i Sveio kommune.

Bilete i artikkelen er ikkje frå Sveio kommune.