Bulyst – Resultat frå idémyldringsmøta


Ordførar Linn Therese Erve og prosjektleiar Nina Østensjø frå Atheno har i haust gjennomført idémyldringsmøte i sveiobygdene, kor temaet har vore bulyst. 

"For meg var det viktig å få innspel frå innbyggarane og dialog om korleis me kan gjera lokalsamfunna enda meir attraktive og skapa meir bulyst. Eg opplevde mykje engasjement i heile kommunen», fortel ordføraren. 

Innspela som blei samla inn blei presenterte for formannskapet i møte 15. november. Presentasjonen kan du no lesa ved å trykka her (PDF, 5 MB)