Fylkeskommunale ordningar innan kultur

Stipend og tilskotsordningar frå Vestland fylkeskommune - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete: Stipend og tilskotsordningar    

Stipend og tilskotsordningar frå Vestland fylkeskommune!
Noko for deg eller di organisasjon?

Investeringstilskotet til Vestland fylkeskommune skal medverke til at regionen får fleire store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Tilskotet skal og stimulerer til etablering av idrettshall og/eller symjehall i kommunar som ikkje har dette. 
Søknadsfrist: 1. oktober 2022

Meir informasjon om investeringstilskotet finn du inne på nettsida til Vestland Fylkeskommune 

 

Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit viktig verkemiddel for større satsingar på kultur, idrett og friluftsliv i Vestland. Nyskapande og målretta utviklingsprosjekt som medverkar til utvikling i fylket kan støttast i 1-3 år. Offentelege eller private organisasjonar eller institusjonar kan søkje. Kr 500 000 er sett av til prosjekt innan idrett og friluftsliv. 

Meir informasjon det kulturelle utviklingsprogrammet finn du inne på nettsida til Vestland Fylkeskommune

 

Vestland fylkeskommune skal dele ut 9 utviklingsstipend til unge idrettsutøvarar og eitt stipend til utøvar innan e-sport. Stipenda er på kr 40 000. Søknadsfristen er 1. oktober. 

Informasjon om utviklingsstipend til utøvarar innan e-sport finn du òg på nettsida til Vestland Fylkeskommune.  Vestland Fylkeskommune