Veg i haustfargar
Serhii Shepetiuk
Digital kommunikasjon
Skulane i Sveio nyttar det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole med tilhøyrande app "Min skole" (foresatt).
Appen Min skole må de laste ned for kommunikasjon med skulen.
Ved innskriving får foreldre tilsendt eit digitalt skjema frå skulen. Ved å klikke inn på nettsida skole.visma.com/sveio kan de kontrollere at eigen kontaktinformasjon stemmer. (logg inn med ID-porten).
Frist for utfylling av skjema frå skulen er 15.desember 2024.
På denne nettsida skal de også registrere SFO-plass for barnet dykkar dersom de ønsker dette (frist 1.april 2025).
Utsett eller framskoten skulestart?
Det kan godkjennast utsett skulestart med 1 år etter søknad frå foreldre/føresette. Det er også høve til å søke om framskoten skulestart dersom barnet fyller 5 år innan 1.april. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering av Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Søknaden skal sendast til den aktuelle skulen. Søknadsfrist for begge deler er 1.januar.
Gå til søknadskjema for utsett eller framskoten skulestart.
I følgje Opplæringslova er det høve til å søke om skulegang ved ein annan skule enn den eleven soknar til. Rektor ved nærskulen eller stab oppvekst vil kunne gi nærare informasjon om saksgang.
Les retningslinjene for skulebyte her.
Kontakt skulane:
Dersom du ikkje får informasjon digitalt, ta kontakt med skulen barnet ditt høyrer til.
Sveio skule: 53 74 83 00
Vikse skule: 53 74 83 70
Førde skule: 53 74 83 30
Auklandshamn skule: 53 74 83 60 / 467 65 106
Valestrand oppvekstsenter: 53 74 83 80
Skulefritidsordninga (SFO)
Her kan du lesa meir om skulane, SFO-tilbod og prisar på SFO.
Velkommen til Sveioskulen!
Stab oppvekst Sveio kommune