Kikhostevaksine til gravide

Alle gravide vert no tilrådd å ta vaksine mot kikhoste i svangerskapsveke 24. Dette anbefales for å beskytte barnet i dei 3 første levemånadane.  Jordmor tilbyr no gratis kikhostevaksinering på svangerskapskontroll på helsestasjonen.

Illustrasjonsbilde - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde

Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine? 

  • Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjere små barn alvorleg sjuke. Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år.
  •  Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder.
  •  Kikhostevaksinen blir tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste

Korleis verkar vaksinen? 

  • Gravide som tek vaksine, lagar vernande antistoff. Antistoffa blir overførte vidare til barnet i magen. 
  • For at barnet skal få vern, må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste.

Under og etter vaksinasjon 

  • Vaksinen blir tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24. 
  • Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen. 
  • Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden, og det kan òg bli litt raudt og hovent. Enkelte får feber, vondt i musklane og kjenner seg litt sjuke eller utmatta. Dette går vanlegvis over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar. 
  • Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet. 
  • Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymra for plager/sjukdom etter vaksinasjon