Korleis er mynda fordelt i kommunen?

Sveio kommune sitt delegeringsreglement er no tilgjengeleg i ny innpakning!

Det meste av ansvaret og mynden til kommunen ligg hos kommunestyret. For å kunna løysa kommunen sine mange oppgåver på ein tenleg og effektiv måte, må mykje av dette ansvaret delegerast – det vil seia at kommunestyret gir fullmakt til rådmannen (eller andre organ) til å ta avgjerder på vegne av kommunestyret. Rådmannen er øvste administrative leiar for kommuneadministrasjonen, og er ikkje ein politikar, men ein fast tilsett. 

Kommunestyret legg til grunn at rådmannen delegerer aktuelle oppgåver vidare, slik at desse blir løyst på best mogleg vis, med tanke på kvalitet, effektivitet, utnytting av organisasjonen sine ressursar og dei tilsette sin kompetanse. Ei samla oversikt over delegeringa av mynde – frå kommunestyret til rådmannen og vidare frå rådmannen til kommunalsjefar, einingsleiarar m.m. i kommuneadministrasjonen – blir samla i delegeringsreglementet. 

Ny presentasjon av delegeringsreglementet

Sveio kommune har no tatt i bruk verktøyet KF Delegering, kor delegeringsreglementet blir presentert på ein meir dynamisk måte enn i papirform: Sveio kommune sitt delegeringsreglement

Dersom du lurer på kva eining eller organ som er delegert mynde etter ein eller fleire spesifikke lovar eller paragrafar, markerer du den eller dei aktuelle føresegnene til venstre. Dersom du ønsker ei samla oversikt over delegert mynde til ei eller fleire spesifikke einingar, markerer du den eller dei aktuelle til høgre.

***

Har du spørsmål til korleis du søker i delegeringsreglementet, eller til innhaldet i sjølve reglementet, kan du ta kontakt med jurist Bjarte Stølås Storli på bjarte.stolas.storli@sveio.kommune.no