Kunngjering – Søknadsfrist for legat


No kan du søka om midlar frå Torger Torgersens legat og Direktør S. Simonsen og hustrus legat. Søknadsfristen er 31. august 2024. 

Torger Torgersens legat

I medhald av statuttar av 18. september 1995 skal legatstyret, som er valt av Sveio kommunestyre, dela ut midlar til førebyggande helsearbeid om tuberkulose, hjerte- og karsjukdommar og kreft i Sveio kommune.

Legatet kan søkast av personar, lag og organisasjonar som driv førebyggande arbeid i Sveio kommune. 

Direktør S. Simonsen og hustrus legat

I medhald av statuttar av 18. september 1995 skal legatstyret, som er valt av Sveio formannskap, dela ut midlar til personar frå Sveio kommune som er studentar på universitet eller høgskule. 

Legatet kan søkast av personar frå Sveio kommune. Du kan søka sjølv om du er folkeregistrert på studiestaden, så lenge du kan godtgjera at du opphaveleg er frå (eller har budd over tid) i Sveio kommune.  Studentar frå området Nordre Mølstre eller nordre sida av Mølstrevåg, har fortrinnsrett ved utdelinga.

Legg studiebevis ved søknaden, f.eks. kopi av semesterkort eller stadfesting frå utdanningsinstitusjonen. 

Korleis søka?

Det er ikkje utarbeidd eige søknadsskjema for legata, så skriftleg søknad kan sendast til Sveio kommune:


Hugs å legga ved kontonummer for eventuell utbetaling av legat. 

Søknadsfrist

Søknadsfrist: 31. august 2024

Spørsmål?

Ta kontakt med saksbehandlar på e-post bjarte.stolas.storli@sveio.kommune.no eller telefon 53 74 80 11.