Kva er ditt klimafotavtrykk?


I samband med arbeidet med planprogram for klima- og energiplan 2023–2030 arrangerer kommunen ein liten konkurranse, og du kan vinna gåvekort på kino!

Dei menneskeskapte klimaendringane har alvorlege konsekvensar for menneske, dyr og natur, og klimaavtalen inngått i Paris i 2015 – Parisavtalen –  har som hovudmål å halda den globale oppvarminga under 2 grader, og aller helst 1,5 grader. Noreg har gjennom Parisavtalen forplikta seg til å avgrense klimaendringane og skal redusera utslepp av klimagassar med minst 50 prosent i 2030, og har mål om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Sveio kommune skal utarbeida ein klima- og energiplan for perioden 2023–2030. Som eit grunnlag for ein slik plan, blir det først utarbeidd eit planprogram. Planprogrammet skal bidra til at sjølve planprosessen blir meir oversiktleg og føreseieleg ved å gjera greie for: 

  • Formålet med klima- og energiplanen
  • Planprosessen med fristar og informasjon om kven som skal delta i arbeidet
  • Korleis ein skal sikra medverknad frå aktuelle grupper
  • Behovet for eventuelle utgreiingar

Framlegget til planprogram er til behandling i hovudutvala denne veka, og kjem deretter til formannskapet 30. mai og kommunestyret 13. juni. 

Handling skapar endring

Alle utslepp på land skjer i ein kommune, og kommunane speler derfor ei viktig rolle i arbeidet for å nå nasjonale klimamål.

Selskapet Ducky har som mål å bidra til ei meir berekraftig verd, og har utvikla tenesta "Folkets fotavtrykk" som kan gi kommunar og fylkeskommunar innsikt i det forbruksbaserte utsleppet i sin region. I dette kartet kan ein få informasjon om forbruksbasert utslepp heilt ned på krinsnivå, og Sveio er ein av kommunane som har hatt ein samarbeidsavtale med Ducky som har bidratt til eit forbetra datagrunnlag. Dette samarbeidet blei finansiert av Vestland fylkeskommune. 

Ditt klimafotavtrykk

Ducky har òg ei løysing kor enkeltpersonar kan rekna ut sitt fotavtrykk.

Sveio kommune vil oppfordra alle sveibu som har lyst, til å rekna ut sitt fotavtrykk og dela dette med oss. Blant dei som sender inn sitt fotavtrykk vil me trekka to personar som vil vinna kvart sitt gåvekort på Edda kino! 

Slik deltar du!

  • Gå inn på denne sida og scroll ned til "Ikke en del av en organisasjon? Finn fotavtrykket ditt!":

  • Registrer ein brukar med e-post (og lag deg eit passord), så kjem fotavtrykkbudsjettet opp. 
  • Trykk på plussteiknet for å endra opplysningane under kvar kategori.
  • Ta eit skjermbilete av resultatet og send til postmottak@sveio.kommune.no med "Mitt klimafotavtrykk" i emnefeltet.
  • Skriv gjerne alderen din i e-posten.  
  • Frist for innsending: 9. juni 2022, kl. 23:59

Det er tilstrekkeleg med eit skjermbilete av fotavtrykket fordelt på kategori, slik: 

Resultatet av trekninga vil bli presentert i kommunestyremøtet måndag 13. juni 2022. 

Personvern

Der er sjølvsagt heilt frivillig å senda inn sitt fotavtrykk og delta i trekninga. Ved å delta samtykker du i at kommunen lagrar ditt namn og e-postadresse fram til trekninga er gjennomført, deretter vil informasjonen bli sletta. Innsendte e-postar vil òg bli sletta, men skjermbileta vil bli lagra i anonymisert form, slik at dei ikkje kan knytast opp mot enkeltpersonar. Skjermbileta vil kunna bli brukte for å illustrera klima- og energiplanen og tilhøyrande dokument. 

***

Har du spørsmål om konkurransen eller planprogrammet for klima- og energiplanen, kan du ta kontakt med rådgivar Adelhei Smeland på e-post adelhei.smeland@sveio.kommune.no