Planområdet er omfatta av reguleringsplan Detaljregulering badeanlegg i Sveio sentrum, gnr. 40, bnr. 59, 93 m.fl., som syner området til offentleg tenesteyting, med krav om etablering av badeanlegg, samt at delar av arealet kan nyttast til andre offentlege eller private tenester og funksjonar. I gjeldande kommuneplan er planområdet sett av til offentleg tenesteyting og delar i nord til sentrumsformål. Den gjeldande planen vil verta oppheva når forslag til plan vert vedteken, jf. plan- og bygningslova § 12-14.
Storleiken på planområdet er om lag 18 daa. Planområdet har lik utstrekning som godkjent reguleringsplan og er avgrensa i tråd med eigedomsgrensene for eigedom 40/59 i sør og vest, planen regulerer Sveiogata i nord og tek med seg noko areal på nord-austsida av Mannabergvegen. Sveio kommune er eigar av delar av planområdet. Resterande areal innanfor planområdet er i privat eige.
Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å legge til rette for etablering av ulike offentlege formål med tilkomstveg og tilhøyrande parkering, samt vidare utvikling av kringliggjande område innanfor planen. Delar av arealet er tenkt nytta til ny kommunal barnehage.
Konsekvensutgreiing
Reguleringsplanen skal utarbeidast som detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova. Tiltaket er i samsvar med kommunedelplanen og utløyser dermed ikkje krav om konsekvensutgreiing.
Merknader
Moglege merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord eller e-post: poststord@abo-ark.no / hageberg@abo-ark.no innan høyringsfristen: 09.06.2024
Vedlegg
Oppstartsmelding (PDF, 75 kB)
Plangrense (PDF, 506 kB)
Oversiktskart (PDF, 469 kB)
Planinitiativ (PDF, 595 kB)
Referat frå oppstartsmøte (PDF, 269 kB)
Utsnitt frå plankartet til kommunedelplanen (JPG, 283 kB)