Nytt tilbod: Gratis kjernetid i SFO for 1. trinn skuleåret 2022/2023

Frå hausten 2022 blir det innført 12 timar gratis kjernetid i SFO for elevar på 1. trinn. I Sveio kommune vil det bli tilbod om gratis plass på SFO kvar onsdag og fredag etter skuletid fram til kl. 16.30, pluss fem valfrie dagar i haust- eller vinterferien 

Dei som ynskjer plass i SFO, må melde seg på tilbodet i søknadsportalen Visma flyt skole. Logg inn (visma.com)

Søknadsfristen for elevar på 1. trinn er utvida til 1.april. Har de allereie søkt om SFO-plass for skuleåret 2022/2023 må de diverre søke på ny.  

For elevar på 1. trinn har vi desse tilboda: 

  • 1 .trinn full plass (inkl. gratis kjernetid) – kr 1787,– per månad
  • 1. trinn ettermiddagstilbod (inkl. gratis kjernetid) – kr 1393,– per månad
  • 1. trinn halv veke ons. og fre. (inkl. gratis kjernetid og morgon SFO) – kr 210, per månad
  • 1. trinn gratis kjernetid (ettermiddag onsdag og fredag) -  ingen betaling
  • 1. trinn halv veke mån., tys. og tors. – kr 1715,– per månad

I tillegg kjem eventuell betaling for kost.

Det er mogleg å kjøpe SFO-plass i feriane utover dei fem dagane som er inkludert i gratis kjernetid. Ein skule kan gi ferietilbod om det er fleire enn 10 påmeldte barn. Når det er få barn det er søkt SFO for i feriane, kan det bli aktuelt å gi eit samla tilbod for barn på ein anna skule. Informasjon om søknadsfrist for ferie-SFO for dei med gratis kjernetid vil bli sendt i Visma Flyt skole

Informasjon om ordningar for reduksjon i foreldrebetalinga på grunn av låg inntekt er å finne på kommunen si heimeside.