Planstrategien for Sveio kommune 2024-2027 er nå ute til offentleg ettersyn
Kommunestyret i Sveio kommune har vedteke at planstrategi for Sveio kommune 2024-2027 blir lagt ut til offentleg ettersyn, jf. Plan- og bygningslova § 10-1.
Planstrategien er eit verktøy som klargjer kva for planoppgåver kommunen bør arbeide med for å leggja til rette for ønska utvikling i kommunen. Planstrategien skal gi retning for kommunal planlegging, og møte kommunen sitt behov framover. Planstrategien viser også ei folkehelseoversikta for Sveio kommune, i tråd med folkehelselova §§ 5 og 6.
Merknader til planstrategien skal sendast til Sveio kommune og merkast “Planstrategi 2024-2027”. Høyringsfrist er sett til 10.01.2025.
Gå til saka og les tilknytte dokument.
Publisert av Kristine Rossehaug
Publisert 18.11.2024 10.40