Sveio kommune med positiv befolkningsvekst i andre kvartal 2024

Nye tal viser at Sveio kommune held fram med å veksa og utvikla seg. I andre kvartal av 2024 auka folketalet med 25 personar, noko som bringer det totale innbyggartalet opp til 5767.

Ordførar André Mundal Haukås

 

Stabil og mangfaldig vekst

Befolkningsveksten fordeler seg på fleire positive faktorar. I løpet av kvartalet blei det fødd 13 nye sveibuar, medan sju personar gjekk bort. Dette gir eit fødselsoverskot på seks personar.

I tillegg har kommunen opplevd ei netto tilflytting på 19 personar. Dette inkluderer både innvandring frå utlandet og innflytting frå andre delar av landet. Totalt flytta 71 personar til Sveio i dette kvartalet, medan 52 personar valde å flytta ut. Desse tala viser at Sveio er ein attraktiv stad både for nye innbyggarar og for dei som ønsker å vende heim att.

Ordføraren ønsker nye innbyggarar velkomne

Ordførar André Mundal Haukås (H) uttrykker stor glede over dei positive tala:

– Det er svært gledeleg å sjå at Sveio held fram med å veksa. Dette er eit teikn på at kommunen vår blir oppfatta som ein god stad å leva. Eg vil retta ein varm velkomst til alle nye sveibuar, og eg håpar de vil trivast og kjenna dykk heime her hos oss. Samstundes vil eg takka alle som bidreg til å gjera Sveio til ein inkluderande, raus og levande kommune, seier ordføraren.

Eit framoverlent samfunn

Den positive utviklinga speglar òg den kontinuerlege innsatsen kommunen legg ned for å skapa gode levekår for innbyggarane. Satsingar innan bustadutvikling, næringsliv, kulturtilbod og utdanning gjer Sveio til ein attraktiv stad for folk i alle aldrar.

Kommunen vil halda fram med å jobbe etter visjonen – vilje til vekst og ein god stad å leva.