TellTur-sesongen i Sveio

Emberlandsnipen Ellen Tveit I løpet av sesongen 2021 er det registrert heile 7448 turar til dei 10 turmåla som var med i TellTur i Sveio i år!

Turane er fordelt på 1636 unike turgåarar. Av desse er minst 300 busette i Sveio. Golfparken er det mest besøkte turmålet, med 964 innsjekkingar, utført av 709 turgåarar. Nipaståvo har nest flest besøk, med 864 innsjekkingar.

TellTur er friluftsråda sitt program for turregistrering.  I år var det til saman 146 turmål med varierande vanskegrad i dei 13 kommunane Friluftsrådet Vest dekker. Talet på aktive brukarar var 5529, som er det høgaste talet nokon gong. Til saman gjekk desse turgåarane 135 200 turar. Det blir i gjennomsnitt nesten 25 turar per deltakar. Den høge deltakinga gjer TellTur til eit viktig folkehelsetiltak i regionen.

Sveio kommune har trekt ut tre vinnarar blant dei som har registrert seg i den lokale konkurransen i år. Blant dei 128 som gjekk alle dei 10 turane er det trekt ut ein vinnar som får eit gåvekort på kr 1000. Gratulera til Wenche Dahl frå Karmøy! Blant resten av deltakarane er det trekt ut to vinnarar som får kvart sitt gåvekort à kr 500: Lars-Petter Knutsen, Haugesund og Ida Kristine Ottesen, Sveio. I tillegg har Friluftsrådet Vest delt ut eigne premiar.

TellTur-sesongen 2021 blei avslutta 1. november. Ny sesong startar til påske neste år.