Illustrasjonsfoto nærmiljø og sosiale møteplassarKommunestyret ønsker å bidra til lokale tiltak og initiativ i heile kommunen i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Ordning for tilskot til nærmiljø og sosiale møteplasser er vidareført.
Det er sett av kr 1 000 000,– pr. år i perioden 2024–2027 til dette tiltaket.
Kommunestyret har vedteke retningsliner for ordninga, der frivillige lag og organisasjonar i bygdene Valestrand, Auklandshamn, Førde, Sveio, Lid, Bua og Vikse, er godkjente søkjarar. I tillegg kan FAU ved skulane i kommunen søkje om tilskot.
Det blir oppfordra til at bygdene samarbeider om søknad om tilskot på tvers mellom fau, lag og organisasjonar. Lag gjerne eigne prioriteringar mellom søknadene frå bygda, for å unngå konkurranse mellom søknadene!
Kvar bygd kan søkje om tilskott på inntil kr 142 800 til etablering av "Nærmiljø og sosial møteplass". Søknadsfrist er 5. april 2024.
Sjå Retningsliner for Tilskot til nærmiljø og sosiale møteplasser (PDF, 133 kB)