Tilskot til verna kulturminne i Vestland fylke

Gjennom denne ordninga kan det søkast tilskot til restaurering av verneverdige kulturminne som er prioriterte med omsynssone i kommunen sin kulturminneplan. 

Tilskot skal i første rekke nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Det blir ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Det skal nyttast eige søknadsskjema. Søknad skal sendast til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio eller postmottak@sveio.kommune.no, innan 1. januar 2025. Ta gjerne kontakt med kommunen før du søker. Spørsmål kan rettast til ellen.tveit@sveio.kommune.no.

Sjå meir informasjon og lenke til søknadsskjema i artikkelen tilskotsordningar til kulturvern

Illustrasjonsbilde kulturminne - Klikk for stort bileteIllustrasjonbilde kulturminne