Ferdigattest for tiltak med søknadsplikt
Før du kan ta i bruk det du har bygd, må du søkje om ferdigattest. Søknaden sender du til kommunen. Ferdigattesten viser at saken er ferdigbehandla av kommunen. Viss det er sendt inn en søknad via ein ansvarleg søkjar, er det ansvarlig søkjar som skal søkje om ferdigattest.
Gå til søknadsskjema
Søknaden kan sendast elektronisk til postmottak@sveio.kommune.no eller på papir til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio
Bruksløyve
Så lenge det kun gjenstår mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta i bruk bygninga, kan du også søkje om mellombels bruksløyve. I løyve skal det komme fram kva arbeid som gjenstår og du får en frist for å ferdigstille. Ein mellombels bruksløyve gjer at bygningen kan takast i bruk før du har mottatt ferdigattest.
Gå til søknadsskjema
Søknaden kan sendast elektronisk til postmottak@sveio.kommune.no eller på papir til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio