Du kan søke om å frådele ny eigedom fra eiendomen din / skille ut ei tomt.
Kommuneplanen for Sveio kommune og reguleringsplanar regulerer kva ein kan gjere på ein eigedom. Det kan også vere aktuelt å søke om dispensasjon frå kommuneplan / reguleringsplan.
Kva får du?
- Du får oppretta ein ny sjølvstendig eigedom med eige gardsnummer og bruksnummer.
- Du får oppmålt og merka den nye eigedomsgrensa, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogeleg.
- Den nye eigedomen og grensene blir registrert i matrikkelen (eigedomsregisteret) og blir tinglyst.
- Du får tilsendt matrikkelbrev.
Krav til søkjer
Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar).
Kva kostar det?
Sjå betalingssatsar (PDF, 518 kB)
Slik søkjer du
Følgjande skjema må fyllast ut:
Vedlegg til søknaden:
- Kart og/eller situasjonsplan der tiltaket er vel dokumentert.
-
Om nødvendig og om det finst:
- Søknad om dispensasjon frå arealplan, lov, forskrift eller anna (Ikkje fastsett blankett)
- Uttalar og/eller samtykke som måtte liggja føre frå anna styremakt
- Eventuelt andre vedlegg (T.d. utgreiingar og illustrasjonar)
Kart og nabolister kan bestillast hos servicekontoret, e-post: postmottak@sveio.kommune.no
Lever søknaden til kommunen per post, ved oppmøte eller på e-post.
Kva skjer vidare?
- Du får svar på søknaden innan 3 til 12 veker.
- Saka er normalt ferdigbehandla innan 19 veker frå løyve er gitt.
- Vi tar kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling.