Seksjonering er å dele opp ein bygning i flere eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Endringar av allereie seksjonerte eiendomar vert kalla reseksjonering.
Kva får du?
- Du får delt opp bygningen i fleire eigerseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar.
- Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameiebrøk.
- Du får eit matrikkelbrev.
Ved fordeling av uteareal, får du i tillegg
- eksklusiv bruksrett til utearealet på din del av eiendomen.
- koordinatbestemte bruksrettsgrenser.
- sett ned offentlige grensemerker, viss det er mogeleg og ønskjeleg.
Krav til søkjar
Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar).
Kva kostar det?
Sjå betalingssatsar (PDF, 518 kB)
Slik søkjer du
- Fyll ut søknaden: Begjæring om oppdeling i eigerseksjoner eller reseksjonering (PDF, 3 MB)
- Lever søknaden til oss per post eller ved oppmøte. Søknaden kan ikkje leverast digitalt, fordi me må ha originale signaturar. Hugs å legge ved kontaktinformasjon (navn, telefonnummer, e-post og adresse). Viss saka gjeld seksjonering med utearea,l treng me å kontakte eigarar for å avtale tidspunkt for oppmålingsforretning. Legg difor også med kontaktinformasjon til minimum ein eigar.
-
- Postadresse: Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio
- Besøksadresse: Sveiogata 70, 5550 Sveio
Kva skjer vidare?
Søknaden vert normalt behandla innan 12 veker. På grunn av stor saksmengde, må du rekne med økt saksbehandlingstid.