Slå saman eigedomarKommuneplanen for Sveio kommune og reguleringsplanar regulerer kva ein kan gjere på ein eigedom. Det kan også vere aktuelt å søke om dispensasjon frå kommuneplan / reguleringsplan Kva får du? Ved å slå saman fleire eiendomar til ein kan du få ein enklare og meir oversiktleg struktur på eigedomen, som til dømes kan auke mogelegheiten for utbygging. Heftelsar og servituttar fra enkelteigedomar som vert slått saman, vil hefte ved heile den samanslåtte eigedomen. Krav til søkjar Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar). Eigedomane må ligge i samme kommune. Eigedomane må ha same heimelshavar. Sammenslåinga må oppfylle matrikkelloven § 18 og matrikkelforskriften § 43. Sammenslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom panthaverne. Kvar kostar det? Det kostar ingenting å slå saman eiendomar, men matrikkelbrevet du får tilsendt når sammenslåingen er gjennomført koster fra 175 til 350 kroner per stykk. Slik søkjer du: Skriv søknaden I søknaden skal du oppgi alle eigedomane som skal slåast saman. Alle heimelshavarane må fylle ut og skrive under på skjemaet Fyll ut skjemaet «Krav til samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar», og send det til Sveio kommune. Alle heimelshavarar må skrive under på skjemaet og oppgi fullt fødselsnummer/organisasjonsnummer. Ved eventuell prioritetskollisjon ta kontakt med Plan- og næringsavdelinga. Lever søknaden til oss per post eller ved oppmøte. Postadresse: Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio Besøksadresse: Sveiogata 70, 5550 Sveio Kva skjer vidare? Du får svar innan 6 veker. Publisert av Vibeke Berge Vierdal Publisert 09.06.2021 12.25