Sveio kommunestyre har i møte 12.10.2015, sak 067/15, godkjent Kulturminneplan for Sveio 2015-2027. Planområdet omfattar heile kommunen og planen viser ei oversikt over dei viktigaste kulturminna og kulturmiljø som til no er registrert i kommunen. Til registreringa er det utarbeida ein forvaltningsplan og ein handlingsplan for lokale kulturminne.
Gå til kulturminneplan (PDF, 21 MB)
Klikk på linkane til høgre for å sjå vedlegg til kommunedelplan for kulturminne 2015-2027
Kulturminneplanene i bokform
Kulturminneplanen blei gitt ut i bokform i ein utvida versjon i 2016. Boka kostar kr 290,- og kan kjøpast i Servicekontoret eller bestillast på postmottak@sveio.kommune.no. Porto kjem i tillegg ved sending.