For å følgje arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, er det utarbeida ei digital innsynsløysing.
Digital innsynsløysing for kommuneplanen.
Sveio kommune godkjente gjeldande kommuneplan i oktober 2011. Etter den tid har det skjedd mykje i både Sveio og i samfunnet elles. Det har vore stor aktivitet i kommunen og det har blitt etablert ny næringsaktivitet og mange nye bustader, fritidsbustader, småbåthamnar og naustområde.
I åra som har gått har krava til planlegging og utbygging blitt forsterka og lovverket har blitt justert. Ved ny arealbruk er det no krav om meir dokumentasjon som viser at det blir teke omsyn til tema som folkehelse, naturmangfald, trafikktryggleik, strandsoneverdiar, kulturmiljø, samordna areal- og transportplanlegging, klimatilpassing, samfunnstryggleik og beredskap mv. Dette gjer planleggingsarbeidet meir utfordrande enn tidlegare, men samtidig sikrast dei viktige fellesinteressa i samfunnet. Jo betre dokumenterte desse temaa er i planane, jo tryggare er vi på at planarbeidet fører til gode utbyggingsområde og eit godt og trygt samfunn.
Ny kommuneplan for Sveio er under utarbeiding. I den samanheng har vi tidlegare bedt om innspel via aviser og her på heimesida. I tillegg har vi invitert til folkemøte i dei ulike skulekrinsane for å få høyra tankane til innbyggjarar og interesserte.
Alle innspel som har kome til kommuneplanarbeidet er føremål for vurdering. Det gjeld òg alle dei som har blitt sendt inn til kommunen frå 2013 og fram til sommaren 2022. Ved vurdering av innspela vil dei i første hand setjast opp mot lovverket og dei nasjonale og regionale føringane, og vurderast mot dei kommunale retningslinene for planarbeidet i ei grovsiling. Retningslinjene blei vedteke i KOM- 083/22, og du finn dei vedlagt her (PDF, 526 kB).
I tillegg er det utarbeid ein senterstruktur, som skal fungere som eit verktøy i arbeidet med kommuneplanen, særskilt i forhold til tema innan samfunnsutviklinga som plassering av bustad- og næringsområde. Senterstrukturen finn de vedlagt her (PDF, 2 MB).
Dei innspela som ikkje kjem i direkte konflikt med overordna interesser i grovsilinga er blitt vurderte vidare i ein meir samlande konsekvensutgreiing. Tilråding for grovsilinga går fram i rapporten her (PDF, 821 kB). Konsekvensutgreiinga er delt inn i fem delområde i Sveio kommune, vurderingane gjort i konsekvensutgreiinga går fram i følgjande rapportar:
Metodikken bak konsekvensutgreiinga finn de vedlagt her (PDF, 151 kB).
Administrasjonen har gjort ei vurdering av eksisterande arealføremål i gjeldande kommuneplan, om dei skal vidareførast, justerast eller takast ut. Bakgrunn for endringane som er føreslått er skildra i fagrapporten Miljørevisjon av gjeldande kommuneplan 2011-2023, den finn de her (PDF, 38 MB).
I arbeidet med miljørevisjon og utarbeiding av plankart, er det gjort vurderingar av strandsona i samband med setting av byggegrense. Vurderingane til dette arbeidet finn de i notatet for byggegrense her. (PDF, 3 MB)
Innspel til kommuneplanen sin arealdel
Innspela som er komen inn til kommuneplanarbeidet, er i kartet identifisert med eit ID/saksnummer. I tabellen under finn du det innsendte innspelet slik dei framstår i arkivsystemet. Du finn ID/saksnummer når du klikkar på innspelet i kartet i den digitale innsynsløysinga over.
Reviderte innspel
I tabellen under finn du reviderte innspel etter første runde med grovsilinga. Desse innspela har fått ny ID, i tabellen under kjem det fram kva tidlegare ID/arkivsaksnr. arealinnspelet hadde, samt kva ny ID/arkivsaksnr. som er tilknytt innspelet.
Innspel til kommuneplan
I denne tabellen finn du innsendte innspel til kommuneplanen sin arealdel. Når du klikker på eit innspel i kartet i den digitale innsynsløysinga finn du eit ID/saksnummer. Det er dette nummeret som identifiserer kva innspel som gjeld for dette arealet i kartet. Informasjonen kommunen har fått tilsendt tilhøyrande dette arealet finn du i tabellen under.