Alle bygningar med innlagt vatn, som ikkje er tilkopla kommunale avløpsanlegg, skal ha utsleppløyve, jf. forskrift om avgrensing av forureining § 12-3.
Kva tid må det søkjast om utsleppsløyve?
Før etablering av nytt utslepp av avløpsvatn, til dømes når det skal byggjast nytt bustadhus eller fritidsbustad, eller ved innlegging av vatn i eldre fritidsbustad. Dersom det er mogeleg med tilkopling til kommunale leidningar skal det søkjast om tilkopling til kommunalt vatn og avløp.
Før vesentleg auke av utslepp, t.d. ved innreiing av leilegheit i kjellar med eige bad/toalett.
Før det blir gjort endringar med det utvendige avløpsanlegget. Døme på dette kan vera gammal septiktank som skal erstattast med eit moderne anlegg, eller at utsleppspunktet skal flyttast.
Korleis søkjer ein om utsleppsløyve?
Privatperson kan ikkje søkja om utsleppsløyve sjølv, til dette skal det brukast fagfolk eller firma med rett kompetanse.
- Eigar og brukar av anlegget vil i søknaden ha funksjon som tiltakshavar.
- Berre fagpersonar kan søkja om utsleppsløyve og skal vera bindeledd mellom tiltakshavar og kommunen.
- Ansvarleg søkjar skal ha anten lokal eller sentral godkjenning.
- Er det fleire einingar som skal kople seg på same anlegget skal dette komme tydleg fram i søknaden.
Søknaden skal innehalda:
- Sveio kommune sitt søknadsskjema skal brukast
- Dokumentasjon av anlegget
- Kart med skisse som syner plassering av anlegget og kvar grøfter/leidningar skal gå
- Nabovarsel
- Fullstendig utfylt søknad med underskrifter
Etablering av avløpsanlegg er søknadspliktig og desse 3 skjema skal vera fylt ut og sendt inn med søknaden:
Anlegget skal ha utsleppsleidning til sjø, og det må søkjast om løyve til denne frå Karmsund Havnevesen med kopi til Sveio kommune.
Etablering av avløpsanlegg er søknadspliktig etter plan- og byningslova (pbl) § 20-3 jf. § 20-1 bokstav a, med krav om at det blir nytta ansvarlege føretak. Arbeidet kan ikkje startast opp før det føreligg igangsettingsløyve etter pbl.
Dersom søknaden ikkje er rett utfylt eller manglar dokumentasjon, blir ikkje søknaden handsama før all dokumentasjon føreligg.
Kva reinseløysing skal ein velja?
Det er prosjekterande som etter nødvendig forundersøking på staden som skal ta stilling kva som vil vera beste løysinga. I nokre område er det fastsett kva type anlegg som kan godkjennast sjå sonekart for detaljerte opplysningar. Spørsmål om sonekartet kan rettast til kommunen.
Kva kan godkjennast for dei ulike bygningstypane?
Bustadhus: Avhengig av kva område tiltaket ligg i vil det vera mogeleg å få godkjent slamavskiljar og minireinseanlegg. I område der det er lagt til rette med kommunal avløpsleidning vil det vera krav om tilkopling til denne.
Fritidsbustad: Avhengig av kva område fritidsbustaden ligg i vil det vera mogeleg å få godkjent slamavskiljar og minireinseanlegg.
Naust: Toalett og handvask kan godkjennast.
Anneks: Det blir ikkje gjeve løyve til innlagt vatn eller avløp i anneks.
Anneks blir i bygningsteknisk litteratur definert som ein eigen bygning med ekstra soverom til hovudeininga. Storleiken på anneks kan vera opp til 30 m2 dersom det ikkje fører til at samla utbygd areal for eigedommen overstig tillaten utnyttingsgrad i følgje føresegnene i arealdelen til kommuneplanen eller i reguleringsføresegnene for den aktuelle eigedommen.
Eit anneks er ikkje ei eiga brukseining. Dette betyr at eit anneks ikkje skal innehalda rom som gjer at bygningen kan definerast som ei eiga bueining. Ein bygning som har soverom, bad og kjøkken blir definert som ei eiga bueining og kan difor ikkje sjåast på som eit anneks. Det skal ikkje vera innlagt vatn og/eller avløp i anneks.
Driftsbygningar i landbruket: Toalettavløp skal ikkje i skuten, ein må søkja om løyve til utslepp med eigen tank knytta til driftsbygningen
Ferdigstilling av anlegget:
Etter at arbeidet med anlegget er ferdigstilt skal utførande røyrleggjar senda inn ferdigmelding med nøyaktig plassering av anlegget. Skjema for ferdigmelding finn ein lengre ned på sida under skjema.
Om det blir søkt om eit privat fellesanlegg, skal det sendast ferdigmelding for anlegget når dette er klart til å takast i brukt i tillegg til at det skal sendast ferdigmelding forkvart gnr./bnr. som blir tilkopla det aktuelle anlegget.
Skjema:
Søknad om løyve til tiltak (PDF, 130 kB)
Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn (digitalt skjema)
Melding om røyrleggjararbeid (digitalt skjema)
Ferdigmelding røyrleggjararbeid (digitalt skjema)
Sakshandsamingsgebyr etter gjeldande betalingssatsar (PDF, 518 kB) (sjå s. 3) for Sveio kommune fastsett med heimel i forureiningslova.
Kontaktperson
Rådgjevar landbruk: Gjertrud Svartveit Osmundsen, tlf. 53 74 80 55, Gjertrud.S.Osmundsen@sveio.kommune.no