Borgarleg vigsel i Sveio kommune

Den 1. januar 2018 blei borgarleg vigsel overført frå tingrettane til kommunane. Ein kan derfor no gifta seg i Sveio sin flotte kommunestyresal, og det er òg moglegheiter for at den kommunale vigslaren kan utføra seremonien andre stader.

Sveio kommune gir som utgangspunkt tilbod om vigsel torsdagar og fredagar i kontortida, men me er fleksible dersom de har andre ønsker. Det er òg mogleg å utføra vigselen andre stader enn på kommunehuset.

Gebyr

Pris (gebyrregulativ) for borgarleg vigsel i Sveio kommune, gjeldande frå 1. januar 2024.

For par der minst éin person er busett i Sveio kommune:

  • Vigsel i Kommunestyresalen i kontortida: Kr 0,–
  • Vigsel i Kommunestyresalen utanom kontortida: Kr 2425,–
  • Vigsel andre stader i kontortida: Kr 3638,–
  • Vigsel andre stader utanom kontortida: Kr 4850,–

For par der begge personane er busette i ein annan kommune enn Sveio:

  • Vigsel i Kommunestyresalen i kontortida: Kr 1819–
  • Vigsel i Kommunestyresalen utanom kontortida: Kr 4244,–
  • Vigsel andre stader i kontortida: Kr 5770,–
  • Vigsel andre stader utanom kontortida: Kr 6669,–

Ved vigslar andre stader enn på kommunehuset, må brureparet sjølve sørga for å leiga andre lokale for eiga rekning. Ved vigsel andre stader enn i kommunestyresalen der samla reisetid for vigslaren er meir enn éin time, blir det rekna eit tilleggsgebyr på 500 kroner pr. påbegynt ekstra time.

Kontakt

Ein gjer avtale om borgarleg vigsel ved å kontakta Sveio kommune på e-post postmottak@sveio.kommune.no eller telefon 53 74 80 00. Det er ønskeleg at ein gjer avtale om tidspunkt for vigsel minst éin månad i førevegen.

I forkant av vigselen tar kommunen kontakt for å avklara detaljar rundt vigselen, som dato og klokkeslett, stad, om det er gjester, om lokalet skal pyntast, om de vil utveksla ringar, har nokon innslag under seremonien etc. 

Personar med kommunal vigselsrett er ordførar, varaordførar, rådmann og to saksbehandlarar. Ordførar står for dei fleste vigslane. 

Prøvingsattest

Før vigselen må paret sørga for å få ein såkalla prøvingsattest frå Skatteetaten. Dette er eit dokument som stadfestar at paret oppfyller alle vilkår for å kunne inngå ekteskap, og attesten er gyldig i fire månadar.

Ein søker om prøvingsattest elektronisk: 

http://www.skatteetaten.no/no/person/folkeregister/Ekteskap-og-samliv/

Skatteetaten sender prøvingsattesten via Altinn. Når ein mottar prøvingsattesten, må denne leverast inn til kommunen. Ein kan senda attesten pr. post (Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio), levera attesten inn personleg i Servicekontoret på kommunehuset eller senda attesten pr. e-post (postmottak@sveio.kommune.no). Ønsker ein best mogleg sikkerheit for sine personopplysningar anbefaler kommunen å bruka post eller å levera prøvingsattesten personleg. Attesten må vera kommunen i hende seinast to veker før vigselen. 

I etterkant av vigselen tar kommunen vare på den originale prøvingsattesten, mens ekteparet får med seg ein kopi og ein kopi blir send til Skatteetaten. Skatteetaten vil så senda ein endeleg vigselsattest elektronisk til ekteparet.

Korleis går seremonien føre seg?

Dersom det er avtalt vigsel på kommunehuset, bør paret, forlovarar og gjester møta opp nokon minutt før avtalt tid for vigselen. De venter i foajéen til de blir tatt imot og vist inn til Kommunestyresalen. Det skal vera to vitne til stades under seremonien. Dette er til vanleg forlovarane, men det kan òg vera to andre myndige personar. Om ein eller begge av dykk er framandspråkleg(e), må de på førehand avtala kva språk som skal brukast under seremonien. Sveio kommune gir tilbod om vigsel på norsk og engelsk. For andre språk må de sjølve sørga for å ha med kvalifisert tolk.

Sjølve seremonien tek ca. ti minutt – lenger dersom det er avtalt andre innslag. Ein vigslar står for vigselen.  Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. Etter dette blir de spurde om de vil ha kvarandre til ektefeller. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk. Til slutt underteiknar de sjølve, dei to vitna og vigslaren prøvingsattesten (som òg fungerer som vigselsprotokoll).

Om de ønsker å utveksla ringar, må de gi melding om dette på førehand, i møtet med vigslar. De kan òg gi beskjed om dette like før seremonien startar. 

De kan gjerne ha musikk og diktlesing i tilknyting til seremonien. Gi melding i møtet med vigslar dersom de ønsker dette. Det er piano tilgjengeleg i kommunestyresalen.

Sveio kommune sørger for at kommunestyresalen er pent rydda med riktig plassering av stolar og bord. Kommunen sørger òg for levande ljos. Om de ønsker meir pynt, f.eks. blomstrar, må de avtala dette på førehand, slik at pyntinga kan gjennomførast før sjølve vigselen.

Fotografering kan skje både under og etter seremonien.