Vipps Rekning føreset at du bruker Vipps, og har aktivert Vipps Rekning inne i appen. Betaling av rekningar i Vipps er veldig enkelt og ein bestemmer sjølv om betalinga skal skje med ein gong eller ved forfallsdatoen som står på fakturaen.
Vipps Rekning er eit produkt der fakturaen berre er send til Vipps. Samstundes finst det òg ein variant kor ein eFaktura blir vist i Vipps. Dette blir styrt av innstillingar inne i Vipps-appen.
Vipps kjem stadig med nye oppdateringar av sin app for å betra funksjonalitet og brukaropplevinga. Vipps som selskap tar sjølv avgjerder om kva innstillingar som følger med ei oppdatering. For eksempel har det blitt lansert oppdateringer som inneheld automatisk samtykke i å motta fakturaar på Vipps. Du bør dermed følga med på innstillingane i appen etter oppdateringar.
Dersom du ikkje ønsker å bruka Vipps Rekning, eller visning av eFaktura i appen, må du gå inn på innstillingane i appen og deaktivera dette.
Det gjer du slik:;
- Logg deg inn i Vipps-appen
- Klikk på "Profil" nedst til høgre
- Klikk på "Regninger og eFaktura"
- Velg om du vil slå av visningar av eFaktura eller eFaktura i Vipps, ved å klikka til høgre ved kvart punkt slikt at valet blir gråkvitt.
Hugs at dersom du deaktiverer Vipps Rekning før ein uteståande faktura er betalt, må du betala fakturaen manuelt. Du finn betalingsinformasjonen på fakturaen i Vipps.