Kva gjer Ungdomsrådet?
Intensjonen bak Ungdomsrådet er at dette først og fremst skal vera ungdommane sitt eige organ. Det er dei sjølve som skal arbeida fram eigne saker og ta initiativ til å komma med uttale/forslag til saker som er oppe til politisk behandling. Ungdomsrådet kan òg vera eit høyringsorgan for politikarane.
Ungdomsrådet har desse arbeidsområda:
- Møter i Ungdomsrådet om lokal politikk og aktivitet for ungdom – seks til åtte gonger pr. år
- Politisk kafé på Vigdartun
- Ungdomsklubben "House of Fun" – ope hus minst éin fredag pr. månad
- Deltar med representanta i kvart hovudutval (helse/omsorg, oppvekst/kultur, teknisk/næring) med tale- og forslagsrett
- Leiar og nestleiar møter i kommunestyret og formannskapet
- Internasjonal deltaking gjennom EU- og EØS-finansierte prosjekt
- Deltar regionalt og nasjonalt på konferansar og møter med andre representantar
- Arrangerer konsertar, natturnering i fotball og volleyball
- Arbeider for å skape aktivitet for ungdom i samarbeid i lokalsamfunnet
- Gir støtte til gode tiltak som ungdomsgrupper søker om
Økonomi
Ungdomsrådet får ein årleg sum til drift av eigne aktivitetar, samt ein sum som lag/organisasjonar og andre som ønsker å etablera aktivitetar for ungdom kan søka om midlar frå.
Kontaktperson
Det er tilsett ein kontaktperson for Ungdomsrådet. Kontaktperson er sekretær for Ungdomsrådet, og sender ut innkalling med saksliste til alle møte, samt referat frå møta. Kontaktpersonen skal vera tilgjengeleg for representantana frå Ungdomsrådet i samband med møte i hovudutval, formannskapet og kommunestyret.
Kontaktperson: Frans Gisle Hansen (frans.gisle.hansen@sveio.kommune.no)