Servicekontoret

Servicekontor er det første du møter når du kjem inn på kommunehuset. 

Servicekontor har desse tenestetilboda:
-resepsjon og sentralbord
-informasjon og rettleiing
-politisk sekretæriat
-bustønad - gå til informasjon om bustønad
-startlån, andre kommunale lån og tilskot - gå til informasjon om lån
-skjenkeløyve - gå til informasjon om skjenkeløyve
-salsløyve - gå til informasjon om salsløyve
- årleg innrapportering av alkoholomsetning - gå til skjema for innrapportering
-kunnskapsprøve om alkohollova - gå til informasjon om kunnskapsprøve 
-parkeringsløyve - gå til informasjon om parkeringskort
-barnehageplass
-sal av bøker
-sal av kommunale tomter

Arkivteneste

I Sveio kommune er arkivtenesta ein del av oppgåvene i Servicekontoret, organisert under leiar for organisasjon og personal.

Arkivtenesta har det overordna faglege arkivansvaret for kommunen si informasjons- og dokumentasjonsforvalting og har støttefunksjon når det gjeld rutinar, opplæring og arkivfagleg rådgjeving til kommunen si leiing og alle avdelingar. 

Arkivtenesta har og ansvar for dagleg drift og kvalitetssikring av kommunen sitt saks- og arkivsystem og ein del fagsystem. Systema er med på å sikre at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Samstundes som vi skal sikre ei ope forvaltning, skal vi og ta vare på våre innbyggjarar sin rettigheitsdokumentasjon. 

Sveio kommune har i hovudsak elektroniske arkiv, vi er medlem av Interkommunalt Arkiv Hordaland og det meste av papirarkiva er deponert hos dei. 

Sveio kommune ønsker at innbyggjarane skal ha høve til å følgje med på kva som skjer i kommunen vår og vi har postliste med fulltekstpubliserte dokument tilgjengeleg via innsyn.



Vi har opningstid mandag - fredag 08.00-15.30

Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Ein kan fortsatt ringa avdelingane direkte etter klokka 13.00. Direktenummer finn ein her: Tilsette - Sveio kommune 

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30
 

Kart