Hovudferdselsåra på Vestlandet, kyststamvegen E39, går gjennom kommunen. Sveio har om lag 5800 innbyggjarare som bur spreidd over heile kommunen. Kommunen dekker eit areal på 246 kvadratkilometer.
Turistinformasjon
uristinformasjonen i Sveio kommune er hos Eventyrlig Sveio i Sveio senter (Sveio sentrum).
Kontaktinformasjon: e-post adresse sveio@ringo.no, tlf. 969 13 444.
Landskap
Sør i Sveio er landskapet småkupert og skiftar mellom dyrka mark og store utmarksvidder, lyngheiar, våtmaksområde, skogkledde lier og forblåste knausar.
I nord er det meir fjell og barskog. Her finn du det høgste fjellet i kommunen, Trollavassnipen, som reiser seg 432 m.o.h. Kystlinja er lang med mange pollar og fjordarmar. 22 kvadratkilometer av kommunen er dekka av ferskvatn, fordelt på 282 små og mellomstore vatn. Vigdarvatnet
sør i kommunen er det største vatnet.
Tettstader og bygder
- Sveio sentrum: Administrasjonssenter, turistkontor, bibliotek, kyrkje, legesenter, tannlege, postkontor, bank, handel, bilverkstad, idrettsanlegg, lokalavis, bustadfelt. golfbane
- Førde: Daglegvare, legesenter, bilverkstad, byggvarehus, frisør, industri, bobilforretning, Rex Garden (parkanlegg), Strando i Førde (offentleg badestrand), småbåtanlegg
- Ekrene og Rophus: Bustadfelt, industri
- Valevåg: Daglegvare, bustadfelt, campingplass, gatekjøkken
- Auklandshamn: Daglegvare, bustadfelt, offentleg badestrand (Sletto)
- Bua: Småbåtanlegg med båtutsetjingsrampe, bustadfelt, ferjekai
Fakta om Sveio
Fylke. Vestland
Flatemål: 246 km2
Kystlinje: ca.100 km.
Befolkning: Sveio kommune har 5798 innbyggjarar (4.kvartal 2020, kilde SSB)
Antal husholdningar: 2266
Avstand til Haugesund sentrum frå Sveio sentrum 18 km / 20 min
Avstand til Stord frå Sveio sentrum 32 km / 30 minuttar