Etablerarprøven for serveringsverksemd

I Sveio kommune kan du avlegge etablerarprøven for serveringsverksemd. Ta kontakt med Servicekontoret for å avtale prøvetidspunkt.

Prøven kan avleggast skriftleg eller elektronisk. Prøven er berre på bokmål. Du har anledning til å nytte reine lov- og forskriftstekster som hjelpemiddel.

Etablerarprøven for serveringsverksemd  er ein fleirvalsprøve. Til kvart spørsmål står det fleire svaralternativ der berre eitt alternativ er riktig svar på spørsmålet. Du skal krysse av det svaret du meiner er korrekt.

Du får 90 minuttar til å svare på prøven. For å få bestått prøve må 40 av 50 svar vere rette. Alle som består vil få diplom som bevis på bestått prøve.

Det må framvisast gyldig legitimasjon før du avlegg prøven og gebyret på kr 400,– må vere betalt.

Læremateriell, testprøvar og nettseminar for kunnskapsprøven er tilgjengeleg på www.vinn.no 

Vinn tilbyr eit nettbasert verktøy som heiter TeamViewer. Dette lastast ned gratis, og det eineste deltakarane treng er tilgong til data og internett. Vinn sender ut all nødvendig informasjon i forkant til deltakarane.

Serveringsloven finn du på lovdata.no

Kontaktinfo

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio
Besøksadresse: Sveiogata 70

E-post: postmottak@sveio.kommune.no
Telefon: 53 74 80 00
Telefontid sentralbord: 08.30-13.00

Opningstid:
Mån.–fre. 08.00-15.30
 

Kart